Møte i seniorgruppa

Knut S. Vindfallet

Seniorgruppa hadde 14 november møte med foredrag av Knut S Vindfallet. Tema var refleksjonar over eit langt liv som pressefotograf lokalt og internasjonalt. Møtet fant sted i Folkets Hus Stavanger.

Knut S. Vindfallet kjem frå Hamar, lærde seg å fotografera allereie mens han gjekk på skulen heima. Han kom til Stavanger i 1967 der han starta som fotograf i Rogalands Avis. Her var det foto både frå kvardagslivet, starten av oljeutvinninga og politiske saker for avisa. Etter ei tid i Rogalands Avis, vart han ansatt i Stavanger Aftenblad kor han var fram til han vart pensjonist. Her farta han rundt vide og tok foto både nasjonalt og internasjonalt. Dette var ei tid med rivane utvikling her i landet og ikkje minst her i Rogaland. Han hadde ein kommentar til alle fotoane og det var mange i salen som kjende seg at. Det var ein gode time der ein fekk sjå historia i kavalakade med foto og kommentar
Etter foredraget var det spørsmål frå salen. Det vart servert rundstykke og kaffi.